Organ
|
Organisering
|
Informasjon
|
Arkivansvar
|
SIMAS
|
Selskap
|
SIMAS er eit interkommunalt renovasjonsselskap stifta 20. mai 1994. I eigarkommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal bur det om lag 32.000 menneske. Årdal har eigen renovasjonsording. SIMAS handsamar i dag omlag 14.000 abonnentar.
|
Eige arkiv
|
Sogn brann og redning
|
Selskap
|
Sogn brann og redning IKS er felles brann- og redningsteneste for kommunane Sogndal (tidligere Leikanger og Balestrand er blitt en del av Sogndal fra 01.01.2020), Luster og Vik.
1. mai 2011 tok me over alle oppgåver med heimel i brannlova, som t.d. søknader om oppskyting/sal av fyrverkeri og oppbevaring av
brannfarleg gass/væske, tilsyn med særskilte brannobjekt, feiing og bustadtilsyn, samt beredskap i forbindelse med brann og andre ulykker. Fra juni 2012 har vi også ansvar for byggtilsyn i dei fem eigarkommunane.
|
Eige arkiv
|
ALARM Sentralen
|
Selskap
|
|
|
Sogn kulturskule
|
Vertskommune samarbeid
|
Kommunane Luster, Sogndal og Leikanger vedtok våren 2005 å skipa ein felles kulturskule frå 1.august 2006. Kommunane hadde eit felles ansvar for skulen, der Leikanger kommune var vertskommune. Frå 1.1.2020 er kommunane Leikanger og Sogndal slått saman til ein kommune, og Sogndal kommune er vertskommune for samarbeidet.
|
Sogndal kommune
|
Sogn PPT
|
Vertskommune samarbeid
|
Sogn PPT vart etablert frå 1.1.2016, og er ei samanslåing av PPT Sogndalsregionen og Luster PPT. Sogn PPT er eit interkommunalt samarbeid mellom Vik, Leikanger, Sogndal, Luster og Aurland. Sogndal kommune er vertskommune for samarbeidet.
|
Sogndal kommune
|
Sogn barnevern
|
Vertskommune samarbeid
|
Sogn barnevern er ei interkommunal teneste sidan 1.9.2008, med Sogndal kommune som vertskommune. Luster kommune har avlevert alle arkiv for barnevern fram til 2008 til Kommunearkivordninga i Vestland. Ved spørsmål om innsyn i barnevernsmapper oppretta i Luster kommune, skal me hente ut mappa hjå Kommunearkivordninga i Vestland og handtera innsynskravet. Sogn barnevern handtera oppfølging av eventuelle spørsmål knytt til dokumenta gjort tilgjengeleg ved innsyn. Sogn barnevern har ansvar for innsyn i informasjon skapt i deira arkiv frå 1.9. 2008.
|
Sogndal kommune
|
Skog i Sogn
|
Vertskommune samarbeid
|
Sogndal kommune er vertskommune.
|
Sogndal kommune
|
Frisklivssentralen SOGN
|
Vertskommune samarbeid
|
|
|
Miljøretta helsevern SOGN
|
Vertskommune samarbeid
|
Miljøretta helsevern Indre Sogn (MHV) er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Årdal, Aurland, Lærdal, Luster og Sogndal. MHV består av to fast tilsette ingeniørar og fire kommuneoverlegar. Arbeidet til miljøretta helsevern skal fremme innbyggjarane si helse og beskytte mot forhold som kan føre til helseskade. Kommunen er tildelt ansvar og oppgåver som forvaltningsmyndigheit innanfor folkehelse og miljøretta helsevern. MHV er den instansen som utøver kommunen sitt forvaltningsarbeid, i nært samarbeid med kommuneoverlegen i kvar kommune.
Hovudoppgåvene er:
- Føre tilsyn i skular, barnehagar, solarier, tatoveringsstudio, basseng, frisørar, hudpleieverksemder, campingplassar med fleire.
- Sakshandsaming og rettleiing om miljøfaktorar som støy, luftforureining, inneklima, stråling, avfallshandtering, hygiene, skadedyr. - Vurdere helsemessige forhold i planarbeid.
|
Sogndal kommune
|
Innkjøpssamarbeidet Sogn/Nordfjord/Sunnfjord
|
Vertskommune samarbeid
|
|
|
Vestland revisjon KO
|
Oppgåvefellesskap
|
|
|
Sogn regionråd
|
Oppgåvefellesskap
|
Sogn regionråd er skipa som eit interkommunalt selskap med heimel i § 27 i kommunelova. Rådet er sett saman av kommunane i Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Sogn regionråd skal vere ein felles arena med fokus på å sikra og vidareutvikle rammevilkåra for busetnad og næringsliv i regionen. Sogn regionråd skal òg fungere som base for definerte prosjekt og vidare ha som mål å samordne og forenkle oppgåver for eigarane. Vedtekter vedtekne 7. februar 2003.
|
Sogndal kommune
|
Kommunearkivordninga i Vestland KO
|
Oppgåvefellesskap
|
"Kommunearkivordninga i Vestland kommunalt oppgåvefellesskap" er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn om arkivfagleg kompetanse og tenester.
|
|
|
|